Siste innspurt før sommarferie!

No er det snart sommarferie for dei fleste av oss, så vi tenkte vi måtte informere om det som er nytt sidan sist.

Først kan vi fortelle at vi er så heldige at vi har fått med oss Ullensaker bibliotek med på laget! Dei vil bidra inn i ressursgruppa.

Vi har tatt kontakt med ulike foredragshaldarar om ulike tema, og har fått berre positive tilbakemeldingar. Det er tydeleg at dette er tema som engasjerer. Nokre av tema er til dømes miljøpsykologi og det fysiske bibliotekrommet, jus og deeskalering av trugande situasjonar inkludert sjølvforsvar.

Vi har og dialog om fleirkulturell kommunikasjon, ulike typar brukergrupper og barn og unge. Så langt ser det ut som om dette kjem til å bli veldig spanande! Kom gjerne med innspel dersom det er tema du syns vi burde sjå nærare på.

No kjem det til å bli litt stille frå denne kanten, men vi kjem sterkare tilbake igjen etter sommarferien. Då startar vi opp med møte i arbeidsgruppa 30. august, kor vi skal prøve å ferdigstille program for første workshop.

God sommar!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s