Då er workshopane historie!

 

Dag 2 på andre workshop er over, og med det skal ikkje ressursgruppa samlast fleire gonger. Det var fleire vemodige fjes då alle tok farvel, vi har hatt fire utrolig fine dagar saman!!

Dagen starta med gruppearbeid, kor vi skulle sjå litt på strukturen til ein digital verktøykasse, samt prøve å fylle verktøykassa med innhald. Då noko av resultatet vart presentert i fellesskap, kom det mange gode innspel og tankar. Arbeidsgruppa har fått eit godt utgangspunkt for vidare arbeid!

Vi hadde og besøk av Gunhild Thunem som snakka til oss om fleirkulturell forståing og kommunikasjon. Alle fekk prøvd seg på eit kortspel som inneheldt utfordringar rundt det å kommunisere og forstå utan å kunne snakke. Dette resulterte i mykje latter, heftig gestikulering og ein del oppgitte blikk rundt om på borda.

No startar arbeidet med verktøykassa, og arbeidsgruppa vil nytte anledninga til å takke dei flinke, kloke, kreative og veldig hyggelege personane som har vært med og bidratt så mykje i ressursgruppa! Tusen takk! Vi møtast igjen!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s