Digital verktøykasse skal utviklast

Då har vi fått klarsignal frå Nasjonalbiblioteket om å omdisponere noko av midlane i prosjektet til å utvikle ei digital verktøykasse. Sida vil bli tilgjengeleg på den nye versjonen av nettstaden bibliotekutvikling.no som Nasjonalbiblioteket har utvikla.

Verktøykassa vil vere brukarvenleg, slik at terskelen for å ta i bruk verktøya blir låg. Innhaldet skal passe for både små og større bibliotek. Verktøykassa vil til dømes innehalde tips til opplæring/kurs, retningsliner rundt ulike typar konflikthandtering, førebyggande tiltak, ulike malar og diverse reglement m.m.

Arbeidsgruppa skal møtast 27. februar for å starte arbeidet med verktøykassa. Dette gleder vi oss til! Målet er at verktøykassa skal vere klar til bruk i slutten av 2019.

Vi set stor pris på innspel til innhald og oppbygging av verktøykassa!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s