Nytt sidan sist!

Det skjer stadig nye ting i prosjektet, og vi tenkte det var på tide med ei lita oppdatering.

I slutten av april var Cecilie og One på ein aldri så liten Oslotur. Først hadde vi eit møte med Nasjonalbiblioteket. Her snakka vi om at den digitale verktøykassa vi skal lage skal inn på bibliotekutvikling.no. Vi diskuterte og korleis vi ser for oss at sjølve sida må sjå ut for at den skal fungere på ein hensiktsmessig måte. Det er viktig for oss at verktøykassa blir enkel i bruk, og heldigvis var Nasjoalbiblioteket veldig opne for våre innspel. Vi skal tilbake til Nasjonalbiblioteket for eit nytt møte i august.

Dagen etter var vi på OsloMet og haldt foredrag for 3.årsstudentane på bibliotekutdanninga. Det var kjempekjekt! Det kom mange fleire enn vi hadde tørt å håpe på, og alle var veldig engasjert i temaet. Vi fekk gode tilbakemeldingar, og fleire av studentane syns dette var viktig å vite meir om.

Statusrapporten for prosjektet er oversendt til Nasjonalbiblioteket, og vi avventer svar derifrå. Vi har fått omdisponert noko av midlane, desse tenker vi å bruke på å leie inn fagpersonar til å kvalitetssikre innhaldet i den digitale verktøykassa. Vi startar opp arbeidet med innhald i slutten av mai.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s