Snart er det sommarferie!

Arbeidet med innhaldet i verktøykassa er i gong, og vi har kontakta foredragshaldarane frå workshopane for å høyre om dei kan bidra. Vi har allereie fått positive tilbakemeldingar frå fleire, og det er vi glade for. Vi tek dessutan gjerne mot tips til andre fagpersonar som kan ha gode innspel til innhald.

Vi sit no og utarbeider ulike caser. Har du sjølvopplevde hendingar eller tips til situasjonar som hadde passa bra som case, tek vi gjerne mot desse!

Vi skal i nytt møte med Nasjonalbiblioteket i september, der vi og skal møte utviklarane av bibliotekutvikling.no. Vi håper å ha på plass ein del av innhaldet til da. Vi har og fått spørsmål om å presentere prosjektet på bibliotekmøtet i Nordland i september, noko vi sjølvsagt takka ja til. Vi gler oss!

Vi ønsker alle ein riktig god sommar!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s